Frå draum til

Nordfjord Kjøkken

Nordfjordkjøkkenet har skreddersydd kjøkken for kundar over heile landet sidan 1960 frå eigen fabrikk. Vi legg stor vekt på å lage det kundane vil ha og samstundes finne praktiske og gode løysingar med god plassutnytting som er enkle å bruke.

Frå draum til Nordfjord kjøkken

Nordfjordkjøkkenet har skreddersydd kjøkken for kundar over heile landet sidan 1960 frå eigen fabrikk. Vi legg stor vekt på å lage det kundane vil ha og samstundes finne praktiske og gode løysingar med god plassutnytting som er enkle å bruke.

Våre kjøkken

Treng du inspirasjon eller vil ha idear til kva stil og type kjøkken du er ute etter?
Ta ein kikk på nokre av våre kjøkken!
Treng du inspirasjon eller vil ha idear til kva stil og type kjøkken du er ute etter?
Ta ein kikk på nokre av våre kjøkken!
Vi lagar heile kjøkkenet frå grunnen av på vår eigen fabrikk. Det gjer at vi kan lage alle modular etter kva mål som passar best til rommet ditt. Vi lagar heller ein modul med spesielle mål enn å nytte ei skjemmande utforing. Alt dette utan tillegg i pris.

Nytt Kjøkken

—— Frå Idé Til Kjøkken

Kva er det viktig

å tenke på?

Gode Løysingar

Praktiske løysingar gjer kvardagen på kjøkkenet enklare og ein får utnytta kjøkkenet betre i fleire samanhengar.

God Utnytting

Plassutnytting og at ein kan bevege seg raskt og lett mellom platetopp/komfyr, kjøleskap og oppvaskkum er viktig.

Ein bør ha benkeplass på begge sidene av platetoppen.

Er det knapt om plass, prioriterast benkeplass mellom
oppvaskkummen og platetoppen.


Gryter og panner oppbevarast i nærleiken av platetopp for lett tilgjenge.

Gode Høgder

Komfortable høgder på ovner, mikrobølgeovner og benkeplater for best mogleg praktisk arbeidsmiljø.
Feil arbeidshøgder kan være skadeleg – viktig med god funksjonalitet når ein skal jobbe på kjøkken.

Gode Belysning

God belysning spesielt over benkeplatene så ein ser kva ein driv med på kjøkkenet og elles finn lett fram.

Gode Planar

Tenk over kva veg dørene til skap, fryser og kjøleskap skal åpnast i kombinasjon med skuffer og anna på kjøkkenet.

System for avfallssortering bør vere lett å kome til og enkel å bruke.

Godt Med Hjelp

Ta ein prat med oss så tidleg som mogeleg på vegen fram til nytt kjøkken. Vi veit i kva ende det er best å sette i gang, og kan gje deg gode tips som vil spare deg for både tid og pengar.

Gode Arbeidssoner

og Gode

Arbeidsforhold

Kjøkkenet er delt opp i arbeidssoner

Det er særs viktig at desse arbeidssonene er godt tenkt gjennom og fornuftig når det gjeld kvar dei er plassert. Det skal være enkelt å nytte kjøkkenet i det daglege og enkelt å finne fram, med tanke på best mulig utnytting av kjøkkenet og effektivitet ved arbeid på kjøkkenet.


Planlegge nytt kjøkken

Eit nytt kjøkken ei stor investering og det er viktig å planlegge bra.
Levealder på eit kjøkken er mange år, og det skal fungere godt i kvardagen og til fest.

Heiltenkt planlegging av kvar del er viktig for at
ditt kjøkkenet skal oppnå best mogleg funksjonalitet.

Kjøkkenet ditt skal vere av den beste kvaliteten – smarte løysingar som gjer det betre å nytte kjøkkenet er viktig for trivsel og glede.

Kva nytte har ein av planlegging?

Best mogleg utnytting av alle skap – Dette aukar skapplassen din.

Logisk plassering av ulike soner – Enklare å jobbe på kjøkkenet.

Ergonomiske fordelar – Du skal ikkje øydelegge ryggen din
eller få plager på grunn av kjøkkenarbeid.


Generelt kan man seie at det som brukast ofte oppbevarast lett tilgjengeleg i
dei øverste skuffene eller i nederste hylla i overskapet.
Det som ikkje nyttast like ofte vert oppbevart lenger opp og lenger ned i sine respektive soner.

Dører i underskap er lite praktisk, ettersom det er vanskeleg å oppnå godt
overblikk over innhaldet.
Skuffer derimot gjev godt overblikk og god tilgjengelighet.

Vi er ein av få kjøkkenprodusentar som nyttar 55 cm som standarddjupne
på skuffene. Her er aktørar på marknaden i dag som nyttar 45 cm djupne.
Dette utgjer faktisk ein heil del i lagringsplass på eit heilt kjøkken.

Med Nordfjordkjøkkenet får du plassen du treng!

TA MÅL AV ROMMET – VIKTIG!!!

Før du gjer noko som helst, treng du heilt nøyaktige mål.

Dette må du hugse på:

Start med å måle veggane og avstandane frå hjørne til dører.

Ta mål av alt som stikk ut i rommet, for eksempel radiator,
røyr, brannmur og ventilasjonssjakter.

Ta mål av alle vindaugene og avstanden til golvet, taket og hjørna.

Gjer det same med dørene.

Ta mål og merk av plasseringa av eksisterande stikkontakter
og lysbrytarar. Merk av kvar du vil ha dei nye.

Merk av plassering av vatn og avløp.
Planlegg du flytting av desse, må du merke av dei nye plasseringane.

Vi kan hjelpe deg med tips om oppmåling. Bur du i nærleiken av Nordfjordeid, kan vi komme heim til deg og hjelpe deg med dette, og vi kan og hjelpe deg via telefon e.l., så ikkje nøl med å spørre oss om hjelp og tips. Vi er her for deg!

Montering av nytt kjøkken

Vi monterer det meste av kjøkkenet saman før levering, det gjev deg betydelige innsparte monteringskostnader, samt at det gjev oss ein større tryggleik på at sluttresultatet blir slik vi ønskjer det og at du som kunde vert godt nøgd.

Vi legg til rette for enklast mogleg montering.

«Flatpakka» er for oss eit skjellsord.
Alle skrog blir levert ferdig samansette, med skuffer og dører ferdig monterte.

Vasken vert ferdig montert i benkeplata, vi skjer ut for koketopp og fresar i hop alle skøytar.

Vi borar og hol for handtak på dei fleste skuffer.

VI LEVERER TIL HEILE LANDET – HEILE ÅRET!

Kva Med Benkeplater?

Vi leverer sjølvsagt benkeplater til alle våre kjøkken.

Benkeplater er ein viktig del av kjøkkenet både med tanke på funksjon og utsjånad. Benkeplatene tåler dagleg bruk og skreddersyast etter dine behov i forhold til mål, overflate, design og farger.

Vi har eit stort utval benkeplater i alt frå laminat til stein og heiltre, med eit godt utval fargar og overflater – dette skal passe godt inn med kjøkkenet du vil ha.

Tenk kvalitet og langvarig bruk når du skal velje benkeplater.
Det lønar seg økonomisk og du sparar miljøet.
Tenk nøye over korleis du bruker benkeplatene dine
og dine behov før du tar eit endeleg val.


TA KONTAKT MED OSS FOR EIN PRAT OM BENKEPLATER!

Vi skreddersyr alle våre kjøkken og er du ute etter
ein bestemt stil, farge eller form
kan vi sjølvsagt lage det til deg – Vi lagar det DU vil ha!

Ta kontakt med oss for ein teiknetime
eller om du berre vil ha ein prat om kjøkken!