Om oss

Bjarne Espe Trevarefabrikk

—— Over 70 års erfaring med bygging av kjøkken

Det heile begynte i 1948 i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Etter 1960 gjekk det meir over til å produsere kjøkken, bad og garderobar. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet. Nordfjordkjøkkenet fekk sitt namn, og fabrikken var den første som begynte marknadsføring der namnet Nordfjord vart nytta. I dag er det 2. og 3. generasjon som driv bedrifta med 15 ansatte.

Nordfjordkjøkkenet skreddarsyr kjøkken frå grunnen av på eigen fabrikk. Sjølv med fleire datastyrte bearbeidingsmaskiner foregår mange av operasjonane på gamle maskiner etter gamle handverkstradisjonar. Det vi driv med er industrielt handverk og ikkje to kjøkken er like.

45 ulike operasjonar på om lag 25 ulike maskiner må til før eit kjøkken med t.d. heiltre fyllingsdører er klar for levering. Med så mange ulike prosessar er vi heilt avhengige av fagfolk av møbelsnekkarar og trearbeidarar. Nordfjordkjøkkenet er laga av menneske, ikkje av automatiserte maskiner, og akkurat dette er eit viktig fortrinn for oss. Dette gjev betre kontroll på kvar ein detalj, styrker kvaliteten, og er ein tryggleik både for oss og kunden!

Ekte Handverk

I konkurranse med andre kjøkkenleverandørar der utstrakt bruk av underleverandørar dominerar, er vår eigen produksjon med på å gjere oss unike i norsk samanheng. Merkevara er bygt over 60 år og har gjort oss annleis nok til å kunne etablere oss som ei bedrift der betalingsvilje, lojalitet og lidenskap for produktet er stor.

I dag blir vi valde fordi vi er tru mot historia og kjerneverdiane våre. Folk veit vi kan lage akkurat det dei ønskjer seg, alt frå det gamle herskapelege til det supermoderne med elektronisk opning av skuffer og dører. Alle kjøkken blir teikna og skreddarsydd etter kundens ønsker og idear, der muligheter og begrensningar vert nøye vurdert i samråd med kjøkkenkonsulentar. Dine ønskjer er vår utfordring!

Våre møbelsnekkarar og trearbeidarar gjer kvalitetsarbeid som sikrar deg eit godt produkt med handverk av beste merke

Nordfjordkjøkkenet er laga av menneske og ikkje av automatiserte maskiner eller robotar.
Betre kontroll på kvar ein detalj med gode handverkarar som kan handverket sitt.
Dette styrker kvaliteten, og er ein tryggleik både for oss og kunden!

Gjort Det Før Vi

Vi veit kva vi driv med

Erfaringa vår med trehandverk og kjøkkenproduksjon i tre generasjonar gjer at vi har omfattande kompetanse innan faget vårt og vi kan utvikle dei aller fleste prosjekter utan problemer.

Ta gjerne turen ut til fabrikken, så kan du sjå sjølv korleis vi jobbar med prosjekt for våre kundar.

Vi Tar Gjerne Ein Prat

Ta ein prat?

Ta kontakt for ein god prat om ditt framtidige kjøkken, eller ta turen opp i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid og få hjelp med kjøkken over ein kaffikopp!

Kart Bjarne Espe Trevarefabrikk