NORDFJORDKJØKKENET

Handverkskvalitet sidan 1948

NORDFJORDKJØKKENET

Handverkskvalitet sidan 1948

NORDFJORD

KJØKKENET

Nordfjordkjøkkenet skreddersyr kjøkken frå grunnen av på eigen trevarefabrikk. Vi hjelper deg med tips om korleis du tar mål av kjøkkenet, teiknar og gjev deg gode råd på vegen.

Bjarne Espe Trevare

—— Nordfjordkjøkkenet – Med auge for detaljar!

Det heile begynte i 1948 i ein liten verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Etter 1960 gjekk det meir over til å produsere kjøkken, bad og garderobar. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet. Nordfjordkjøkkenet fekk sitt namn, og fabrikken var den første som begynte marknadsføring der namnet Nordfjord vart nytta. No i dag er det 2. og 3. generasjon som driv bedrifta med 15 ansatte i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid.

Les meir

Her i snikkarverkstaden starta eventyret for Bjarne Espe Trevarefabrikk i 1948.

Vi Kan Hjelpe Deg

Kva ser du etter?

Sjå eksempel på nokre av våre produkter.

Skal du ha nytt, pusse opp eller bygge på kjøkken, bad eller garderobe kan vi skreddersy gode løysingar som du vert fornøgd med.

Og vi bygger det meste – ta kontakt med oss så finn vi ein god løysing for deg!

Vi Kan Hjelpe Deg

Kva ser du etter?

Sjå eksempel på nokre av våre produkter.

Skal du ha nytt, pusse opp eller bygge på kjøkken, bad eller garderobe kan vi skreddersy gode løysingar som du vert fornøgd med.

Og vi bygger det meste – ta kontakt med oss så finn vi ein god løysing for deg!

Fyrsteklasses Handverkarar

Kvifor velje oss?

Kundane våre veljer oss fordi vi er tru mot historia og kjerneverdiane våre. Folk veit vi kan lage akkurat det dei ønskjer seg, alt frå det gamle herskapelege til det supermoderne med elektronisk opning av skuffer og dører. Alle kjøkken blir teikna og skreddarsydd etter kundens ønsker og idear, der muligheter og begrensningar vert nøye vurdert i samråd med kjøkkenkonsulentar.

Dine ønskjer er vår utfordring!

God Skreddersaum

Vi lagar alle kjøkken på fabrikken vår og ingen kjøkken er like – Vi lagar det kundene våre vil ha.

God Oppmåling

Treng du tips eller hjelp til oppmåling er vi på pletten. Viktig med nøyaktig og presis oppmåling, så alle mål passar.

Gode Løysingar

Det er viktig at kjøkkenet er funksjonelt og enkelt å nytte i det daglege. Ta ein prat med oss for gode og smarte løysingar.

God Skreddersaum

Vi lagar alle kjøkken på fabrikken vår og ingen kjøkken er like – Vi lagar det kundene våre vil ha.

God Oppmåling

Treng du tips eller hjelp til oppmåling er vi på pletten. Viktig med nøyaktig og presis oppmåling, så alle mål passar.

Gode Løysingar

Det er viktig at kjøkkenet er funksjonelt og enkelt å nytte i det daglege. Ta ein prat med oss for gode og smarte løysingar.

God Form og Gode Fargar

Vi skreddersyr alle våre kjøkken og du kan velje akkurat dei formene eller fargane du vil ha – Vi kjem sjølvsgat med gode innspel.

God Djupne

Vi leverer skuffer med 55 cm djupne – mange leverandørar nyttar 45 cm, så her er det faktisk mykje ekstraplass å hente i lagringskapasitet.

God Kvalitet

Vi har topp kompetanse innomhus med framifrå handverkarar og nyttar utelukkande materiale av god kvalitet for best resultat for våre kundar.

God Form og Gode Fargar

Vi skreddersyr alle våre kjøkken og du kan velje akkurat dei formene eller fargane du vil ha – Vi kjem sjølvsgat med gode innspel.

God Djupne

Vi leverer skuffer med 55 cm djupne – mange leverandørar nyttar 45 cm, så her er det faktisk mykje ekstraplass å hente i lagringskapasitet.

God Kvalitet

Vi har topp kompetanse innomhus med framifrå handverkarar og nyttar utelukkande materiale av god kvalitet for best resultat for våre kundar.

Planlegging av nytt kjøkken

Planlegge nytt kjøkken

Eit nytt kjøkken ei stor investering og det er viktig å planlegge skikkeleg.
Levealder på eit kjøkken er mange år, og det skal fungere godt i kvardagen og til fest.

Heiltenkt planlegging av kvar del er viktig for at
ditt kjøkkenet skal oppnå best mogleg funksjonalitet.

Kjøkkenet ditt skal vere av den beste kvaliteten – smarte løysingar som gjer det betre å nytte kjøkkenet er viktig for trivsel og glede.

Kva nytte har ein av planlegging?

Best mogleg utnytting av alle skap – Dette aukar skapplassen din.

Logisk plassering av ulike soner – Enklare å jobbe på kjøkkenet.

Ergonomiske fordelar – Du skal ikkje øydelegge ryggen din
eller få plager på grunn av kjøkkenarbeid.

Generelt kan man seie at det som brukast ofte oppbevarast lett tilgjengeleg i
dei øverste skuffene eller i nederste hylla i overskapet.
Det som ikkje nyttast like ofte vert oppbevart lenger opp og lenger ned i sine respektive soner

Dører i underskap er lite praktisk, ettersom det er vanskeleg å oppnå godt
overblikk over innhaldet.
Skuffer derimot gjev godt overblikk og god tilgjengelighet.

Vi er ein av få kjøkkenprodusentar som nyttar 55 cm som standarddjupne
på skuffene. Her er aktørar på marknaden i dag som nyttar 45 cm djupne.
Dette utgjer faktisk ein heil del i lagringsplass på eit heilt kjøkken.

Med Nordfjordkjøkkenet får du plassen du treng!

TA MÅL AV ROMMET – VIKTIG!!!

Før du gjer noko som helst, treng du heilt nøyaktige mål.

Dette må du hugse på:

Start med å måle veggane og avstandane frå hjørne til dører.

Ta mål av alt som stikk ut i rommet, for eksempel radiator,
røyr, brannmur og ventilasjonssjakter.

Ta mål av alle vindaugene og avstanden til golvet, taket og hjørna.

Gjer det same med dørene.

Ta mål og merk av plasseringa av eksisterande stikkontakter
og lysbrytarar. Merk av kvar du vil ha dei nye.

Merk av plassering av vatn og avløp.
Planlegg du flytting av desse, må du merke av dei nye plasseringane.

Vi kan hjelpe deg med tips om oppmåling. Bur du i nærleiken av Nordfjordeid, kan vi komme heim til deg og hjelpe deg med dette, og vi kan og hjelpe deg via telefon e.l., så ikkje nøl med å spørre oss om hjelp og tips. Vi er her for deg!

Montering av nytt kjøkken

Vi monterer det meste av kjøkkenet saman før levering, det gjev deg betydelige innsparte monteringskostnader, samt at det gjev oss ein større tryggleik på at sluttresultatet blir slik vi ønskjer det og at du som kunde vert godt nøgd.

Vi legg til rette for enklast mogleg montering.

«Flatpakka» er for oss eit skjellsord.
Alle skrog blir levert ferdig samansette, med skuffer og dører ferdig monterte.

Vasken vert ferdig montert i benkeplata, vi skjer ut for koketopp og fresar i hop alle skøytar.

Vi borar og hol for handtak på dei fleste skuffer.

VI LEVERER TIL HEILE LANDET – HEILE ÅRET!

Sett Frå Utsida

Kva Seier Kundane?

Vi har fornøgde kundar over heile landet

1000+
Fornøgde Kundar

*****

» God service og hjelp 15 år etter at vi kjøpte kjøkken der. «

Kunde frå Nordfjord

*****

» God kvalitet og ikkje minst god service. Anbefales. «

Kunde frå Vestland

*****

» God fagleg kunnskap og åpen for å finne løysingar. «

Kunde frå Vestland


Vi Tar Gjerne Ein Prat

Kontakt Oss

Ta ein prat med oss om kjøkken, bad, garderobe eller andre produkt du er ute etter eller om du har spørsmål om kva vi kan tilby